Blomkålpurè

(2 porsjonar)
1 lite blomkålhovud, reinsa og skjært i små bitar
3/4 dl parmesanost (max)
4 ss creme fraiche
1 ss hakka grasløk

Kok blomkålen i lettsalta vatn til dn er mjuk. La den renne av. Mos den forsiktig med ein gaffel saman med parmesanost. Tisett creme fraiche og grasløk. Smak til med salt.

Godt til fisk.

Rom 1-2-3 bollar

20 store eller 30 litt mindre

1,5 kg mjøl
3 dl sukker
1,5 pk gjær
250 g meierismør
8 dl H-melk
1 egg
1 ts havsalt
3 ts kardemomme

La melk, egg og smør vere romtemperert. Bland mjøl, sukker, gjær, kardemomme og salt. Bland lunka melk og egget i mjølblandinga. Kna smørterningar inn i deigen. La deigen heve ein time. Rull bollar, fyll evt. med vaniljekrem eller smør/kanel/sukker. Etterhev til dobbel størrelse. Steikast på 230 grader i 10-15 minutt.

Skårne pepperkaker a la Lillian

250 g smør
125 g sirup
250 g melis
ca 400 g kveitemjøl
2 ts natron
1 ts nellik
1 ts kanel
50 g finhakka mandlar
3 ss kaldt vatn

La smør, sirup og melis få eit raskt oppkok. Avkjøl. Sikt i det tørre, bland i mandlar og vatn. Lag to pølser og legg dei i kjøleskåpa med plastfolie rundt. Steik i 10 minutt på 200 grader midt i omnen.

Lettvint loff

50 g gjær
3 dl lunka vatn
2 ss olje
1 ts salt
ca 7 dl kveitemjøl

Pensling: SamSmuldre gjæren i det lunka vatnet, og la det stå litt. Ha i olje, salt og ca. halvparten av mjølet. Arbeid dette godt saman og tilett så meir mjøl til ein ikkje altfor fast deig. Arbeid den godt og ha dei i ei smurd brødform (ca. 1, l). Pensl brødet og steik på midterste rille i 35-45 min på 225 grader. (Siste 5-10 min. utan form).