Saupkake àla Lillian

6 dl sukker
7 1/2 dl kulturmelk
3 ts natron
100 g smelta smør
7 1/2 dl kveitemjøl
2 ts kakao
2 ts kanel

Glasur:
100 g smør
250 g melis
1/2 pl lys kokesjokolade
1 ts vaniljesukker
3-4 ts kaffi/vatn

Ha alle ingrediensane i mixaren og rør godt.
Hell røra i ei bakepaprkledd, smurd langpanne.
Sett inn i kald omn, og steik på 200*C i 30-40 minutt.

Til glasuren smeltar du alt i ein kjele på svak varme.
NB: Må ikkje koke – då skil glasuren seg.
Pynt med fleirfarga strøssel – eller det du måtte ønske.

This entry was posted in Kaker.

Lefse àla Lillian

3 koppar kefir
1/2 kopp sirup
3/4 kopp sukker
2 ts hjortesalt
2 ts natron
Kveitemjøl

Smørkrem:
1 pk melis
1 pk margarin
2 ts vaniljesukker
Safta av ei halv appelsin

Varm sirupen litt i microen, bland med kefir.
Bland i resten, mjøl til slutt.
NB: Ikkje arbeid deigen for mykje, då vert det vanskeleg å bake ut lefsene.
Til smørkremen miksar du alt med ein miksmaster.
La smøret vere romtemperert.

Kaka na Liv Rygg

Lag 1:
6 eggekvitar
400 g sukker
200 g malte mandlar
200 g malt strøkavringStivpisk egg og sukker, tilsett sukkeret i 3 omgangar.
Mal mandlar og strøkavring, og vend dette forsiktig inn.
Smør røra utover ei bakepapirkledd langpanne.
Steikast på 170*C i 20 min

Lag 2:
300 g melis
300 g margarin
2 ss vaniljesukker
6 eggeplommar
3 ss kakao

Bland saman alle ingrediensane.
Lat blandinga stå ei stund, før du smører den utover den avkjølte botnen.

Lag 3:
2 plate mørk dronningsjokolade
50 g kokkosfeitt

Smelt i vannbad og ha over kaka.
(For at lag 3 ikkje skal blande seg med lag 2,
kan det vere lurt å setje kaka i frysen ei stund før du har på lag 3)

Del kaka i bitar og frys.
Treng inga tining.

This entry was posted in Kaker.

Foccacia

  • 1 kg kveitemjøl
  • 1 pk tørrgjær
  • 2 ss honning
  • 1- 2 ss sukker
  • 1-2 ss salt
  • ca 9 dl lunka vatn

Oljeblanding og «topping»

  • 1.2dl olivenolje
  • 1 ts rosmarin
  • 1 ts oregano
  • 1 ts basilikum
  • soltørka tomatar
  • maldonsalt

 

Gulrotkake ála Turi

4 egg
3 dl sukker
3 dl kveitemjøl
2 ts natron
2 ts kanel
1/2 ts salt
1 ts vaniljesukker
1 1/2 dl soyaolje
4-5 rivne gulrøter (eller fleire!)

Glasur:
100 g philadelfiaost
1 ts vaniljesukker
125 g melis
50 g mjukt smør

Visp eggedosis av egg og sukker.
Sikt i kveitemjøl og resten av dei tørre ingrediensane.
Vend inn olje og gulrøter til slutt.
Ha røra i to små, smurte brødformer.
Steikast 1 time på 190*C midt i omnen.
(Ha over matpapir etter 30 min).

This entry was posted in Kaker.

Annikes spesial

4 dl sukker
1 dl kakao
3 dl kveitemjøl
3/4 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker
200 g smelta margarin
4-5 eggSikt og bland alt det tørre saman.
Rør inn smelta margarin.
Rør inn egga, eit og eit om gangen.
Ha i ein smurd runr form.
Steikast på 175*C i 40 minGlasur
1 dl kakao
1 dl melis
1 pk kremfløyte

Pisk godt saman til krem.
Ha glasuren opp på kaka og pynt med daimkuler/hakka daim.
Best dagen etter.

This entry was posted in Kaker.